søndag 26. april 2009

Ryggen på jakka

Nokre punkt å passe på når ryggen skal syast:
  • Sjekk at foret er passelig til ulljakka, ikkje stramt, men heller ikkje for vidt! Legg jakka med forsida opp, fest foret med nåler og glatt ut, då ser ein om det er passe. Sidesaumane på foret skal passe med sidesaumane på ullstoffet. Sy inn til det passar, press ut saumane. Ikkje klipp vekk noko!
  • Snu jakka med ullstoffet opp. Sjekke at dei 2 delane i "prinsessefasongen" er like breide og ser jamne ut. Sjekke også at saumen i livet er like høg på begge sidene. Midtsaumen for ryggen skal stoppe omtrent ved saumen for livlinja,...ser at min saum går 1 cm nedom.
  • Folden bak: Glatt ut stoffet på eine sida først, klipp eit hakk i saumrommet der ryggsaumen sluttar, dette for å kunne dele saumen og få eine sida til å ligge under den andre. Det er her overlappinga av splitten bak skal komme. Det vesle stoffet midt bak skal ligge underst. Brett inn kanten på det store "flaket" og plasser oppå, men det skal vere ein anelse skråing ut i høve til øverst kanten. Når eg måler på jakka er det 6 cm oppe og 9 cm nede som viser på stoffet nærast splitten. Fest stoffet med nåler under og sy i hop desse to stoffa slik at dei held fasongen. Ikkje klipp bort noko stoff! Kontrollmål at flaket er like bredt oppe som nede (mål der det er loddrette kantar). Gjer det same på motsett side og deretter foret.

lørdag 14. mars 2009

søndag 1. mars 2009

Ulike sting i bunadssaum

Ei oversikt over ulike typar saum som eg har brukt:

Til vesten
  • Prikkesting rundt dei fleste kantane,- prikk på framsida og som faldesting til foret på baksida.
  • Spilesaum i sidene; 2 lag ytterstoff og 2 lag for, dva 4 lag som skal syast samtidig. Ein syr då i hop dei 3 ytterste stoffa når ein syr ein gong til kvar side.
  • Knappholsting til knapphola.
  • .................., dekor på kragen

Til jakka

  • Prikkesting i front, frå øverste slaget, ned i front og til enden av flaka.
  • Faldesting, ein festar den falske lommeklaffen med dei.
  • ......, dekor på kragen

Til skjorta

  • Holsaum, til taggekant rundt halslinning, mansjett og stolpe
  • Krunekret, ei enkel rad som ei stripe på mansjett
  • Krunekret, med spissar på mansjett, halslinning ( spissane skal henge ned) og på stolpe.
  • Knappholsting, til knapphola på mansjetten

Jakka tek form!

På siste kursdag byrjar jakka endeleg å ta form. Imellomtid så har modellen min prøvd jakka. Her er punkt som vart tilpassa:

  • Sjekk om Prinsessefasongen står fint, eg måtte heve den 1 cm frå armhola mot buen


  • Passar sidda med livlinja? Akkurat passe på denne jakka


  • Sjekke livvidda, tilpasse slik at fram og bakstykket står fint, deretter justere slik at sidesaumen blir rett under armen og midt på sida!


  • Sjekke skulderbredda og armholene

Sidesaumen tråklast, sy, det som evt er for mykje SKAL IKKJE klippast bort,....i tilfelle kulemage ein gong i framtida!!

Flaket skal setjast på, fram til eit hakk som er klipt inn i framstykket nederst. Sjå skråen på flaket som er sett på med nål, hjørnet nede skal passe i hakket, øverst toppen av skråen: her er breidda for saumrommet.Samtidig skal lommeklaffane syast. Frå før er dei tråkla inn kanten på,..berre jukselommer! Pass på at spissen på lommeklaffen blir midt under sidesaumen. Sy fast.


Flaket til foret skal syast på på same måten. Foret må syast i sida først, tilpass vidda på jakka. Eg festa foret med nåler og laga brett der det enda i sidesaumane, slik fann eg ut nøyaktig vidde,



Etter at forflaket er sydd på, skal belegget vrangsyast frå innerhjørnet på jakkeslaget og heilt ned til siste ende av flaket. Klipp inn kanten til ca 0,5 cm, vreng, damp og sy prikkesting for hand heile vegen.

lørdag 14. februar 2009

Lomme

Lommeklaffane skal tråklast inn kanten og dampast. Dei skal så syast fast for hand på "flaket", med spissen rett under sidesaumen. Jakka må difor vere tilpassa både med vidde og sidde ned til livet før dette kan syast på plass.

Lommene er kun til pynt, har ikkje plass til noko!!

For

Det trengs 2 m godt tjukt silkefor.

Fordelar: klipp dei fleste uten eller med lite saumrom. Men ha saumrom på skuldre og sider. Det skal ikkje sikkast på kantane.
  • overarm, sett mansjettdelen sammen med det store mønsteret og klipp dette i eitt.
  • underarm
  • det lange bakstykket
  • prinsesse-stykka til ryggen
  • eit firkanta belegg til flaka
  • For til framstykket, denne delen er ikkje klipt i ull før, skal kun vere til silkeforet.

Sy sammen delane:

BAK: Prinsesse fasongen, strekke litt i svingen. Sy sammen ryggen

FRAMME: Sy fordelen på belegget av ullstoff, pass på at dei blir like lange.

Tilpass vidda på armane.

Når jakka er tilpassa kan foret syast slik at det er passe.

Skjorte

Måltaking:
Ta mål rundt handledd, hals og frå halsgrop, rundt albogen og fram til handleddet som eitt mål.
Lengde på rygg kan takast for kontrollmål, men det er som regel nok stoff til passe lengde på skjorta.

Stoff:
Lin, 18 tr pr cm, 1.6 m. Denne er litt tett, men ok å sy på likevel. Gir fint broderi og er ein fast kvalitet.

Tråd:
Kvit DMC nr 8 og 12
Nr. 8 blir brukt til:
Nr. 12 blir brukt til:

Utstyr:
1 stor patent til stolpen framme.

Broderi:
"Krunekret", "taggesaum" og "holfeldtsaum"? på mansjett, halslinning og stolpe


Broder initialer og årstal nederst på stolpen framme.



Klipping:
2 stk 14 x 14 cm til "klaff" på skulder.
2 stk til mansjetter. Det skal leggast til 6 cm i tillegg til målet som er teke rundt handleddet. Dette er til saumrom og plass til mansjettknappar.
1 stk til halslinning
2 stk til armar
1 stk til bakstykke
1 stk til framstykke
1 stk til belegg på skulder





Skulder
Jarekanten er brukt som nederste kant, bretta inn og sydd fast.Baksida av stolpen framme

lørdag 17. januar 2009

Jakke






Kursdag 1: Vi tar mål av modellen og lagar tilpassa mønster.
Kursdag 2: Klipping av delane. Alle mønsterdelane skal klippast av ullstoffet så nær som "for framstykke".
Pass på trådretninga og dei ulike mål for saumromma, lurt å skrive på alle sidene på mønsteret. før vi klipper ut så tegnar vi rundt alle mønsterdelane med kritt.

NB!"Rettesida" av stoffet ligg alltid inn på stuen!

Samansying til neste kursdag:
Armar: Mansjetten skal syast på først, klipp eit hakk opp i vinkelen for å få det til å felle fint i hop. Sy i hop begge armstykka.
Rygg: Tråkle på sidestykket(prinsessefasongen) og sy. Sy med det lange ryggstykket opp på begge sidene og strekk litt i dette stoffet for å få godt hold i jakka. Dette fordi det er slik den blir strekt når den er på. Sy heilt ned på folden, litt må likevel sprettast opp seinare. OBS! Ved samansying må sidedelen leggast ca 1 cm lenger ned enn det andre stoffet, dette for å få til fin runding i armhola, sjekk før du syr med maskin.
Sy sammen skuldrane, det skal stikke ut om ein trekant ytterst på skuldrane, ca 2 cm er denne trekanten.
Kragen: Overkragen skal følge trådretninga,og skal klippast med fold på midten, dvs. at den er i eitt heilt stykke. Underkragen skal vere på skrå av trådretninga og delt i 2. Sy sammen underkragen og lag stikningar på begge sidene av saumen. Sy sammen begge kragane, underkragen er litt kortare, så fest delane i begge endar og strekk til det blir likt. Klipp saumrommet til ca 0,5 cm, vreng og damp. Når kragen er sydd på jakka, skal der syast "prikkesting" rundt som stikning og broderast mønster på med svart trå.