fredag 15. oktober 2021

Bilder av ei ferdig skjorte.

 Desse bilda er av ei ferdigsydd skjorte som eg fekk ta bilde av på kurset.













onsdag 13. oktober 2021

Herreskjorte

 Lagar meg ein logg for saum av herreskjorte medan eg går på kurs.

Linstoff: ca 1,6 m  18 tråder pr cm

DMC tråd :

Nr 8 til Doble attersting til taggekant

Nr 12 til Krunekret

Nr 80 til holsaum

1. dag:

Halskant og armlinningar:

Klipp eit stykke på 15 cm tvers over stoffet. Mål ut 6 cm frå eine langsida og dra ut 2 trådar på lengda.



Sy doble attersting rundt 5 trådar der du har trekt ut 2 trådar. Dette blir brettekanten på halslinningen og på armlinningane.





Sy krunekret med DMC nr 12.

Halslinning: Mål rundt halsen er 40 cm
Berekning: 40 cm+6 cm + 4,5 cm10 % krymp= ca 50 cm

Må kor mange krunekret det er pr td. 10 cm og rekn ut kor mange du må sy så det passar til lengda på linningen. Eg treng truleg 33 "toppar".


Dag 2:

Det er teke mål frå nakke, rundt bøygd armboge og fram til kul ved handledd.  Mål er 71 cm til ca Medium str.

Kursholder har klipt stoffet til armar slik:

Bredde
Lengde
Splitt inn frå eine sida, frå kanten er det:  Lengd på splitten er:

Armsplitt.

For å lage armsplitt med taggekant:

Tell inn 14 trådar, dra ut tråd nr 13 og 14.
Tell 6 trådar
Trekk ut dei to neste trådane.
Gjer dette på begge sidene.




Sy doble attersting   med DMC nr 8i dei to uttrekte trådane nærast klippekanten, sy over 5 trådar. Gjer dette på begge sider.


Brett inn hjørne øverst og ca tre tråder til saumrom og sy holsaum med DMC nr 80 frå vranga. rundt 5 trådar to ganger og inn i kanten.






søndag 26. april 2009

Ryggen på jakka

Nokre punkt å passe på når ryggen skal syast:
  • Sjekk at foret er passelig til ulljakka, ikkje stramt, men heller ikkje for vidt! Legg jakka med forsida opp, fest foret med nåler og glatt ut, då ser ein om det er passe. Sidesaumane på foret skal passe med sidesaumane på ullstoffet. Sy inn til det passar, press ut saumane. Ikkje klipp vekk noko!
  • Snu jakka med ullstoffet opp. Sjekke at dei 2 delane i "prinsessefasongen" er like breide og ser jamne ut. Sjekke også at saumen i livet er like høg på begge sidene. Midtsaumen for ryggen skal stoppe omtrent ved saumen for livlinja,...ser at min saum går 1 cm nedom.
  • Folden bak: Glatt ut stoffet på eine sida først, klipp eit hakk i saumrommet der ryggsaumen sluttar, dette for å kunne dele saumen og få eine sida til å ligge under den andre. Det er her overlappinga av splitten bak skal komme. Det vesle stoffet midt bak skal ligge underst. Brett inn kanten på det store "flaket" og plasser oppå, men det skal vere ein anelse skråing ut i høve til øverst kanten. Når eg måler på jakka er det 6 cm oppe og 9 cm nede som viser på stoffet nærast splitten. Fest stoffet med nåler under og sy i hop desse to stoffa slik at dei held fasongen. Ikkje klipp bort noko stoff! Kontrollmål at flaket er like bredt oppe som nede (mål der det er loddrette kantar). Gjer det same på motsett side og deretter foret.

lørdag 14. mars 2009

søndag 1. mars 2009

Ulike sting i bunadssaum

Ei oversikt over ulike typar saum som eg har brukt:

Til vesten
  • Prikkesting rundt dei fleste kantane,- prikk på framsida og som faldesting til foret på baksida.
  • Spilesaum i sidene; 2 lag ytterstoff og 2 lag for, dva 4 lag som skal syast samtidig. Ein syr då i hop dei 3 ytterste stoffa når ein syr ein gong til kvar side.
  • Knappholsting til knapphola.
  • .................., dekor på kragen

Til jakka

  • Prikkesting i front, frå øverste slaget, ned i front og til enden av flaka.
  • Faldesting, ein festar den falske lommeklaffen med dei.
  • ......, dekor på kragen

Til skjorta

  • Holsaum, til taggekant rundt halslinning, mansjett og stolpe
  • Krunekret, ei enkel rad som ei stripe på mansjett
  • Krunekret, med spissar på mansjett, halslinning ( spissane skal henge ned) og på stolpe.
  • Knappholsting, til knapphola på mansjetten

Jakka tek form!

På siste kursdag byrjar jakka endeleg å ta form. Imellomtid så har modellen min prøvd jakka. Her er punkt som vart tilpassa:

  • Sjekk om Prinsessefasongen står fint, eg måtte heve den 1 cm frå armhola mot buen


  • Passar sidda med livlinja? Akkurat passe på denne jakka


  • Sjekke livvidda, tilpasse slik at fram og bakstykket står fint, deretter justere slik at sidesaumen blir rett under armen og midt på sida!


  • Sjekke skulderbredda og armholene

Sidesaumen tråklast, sy, det som evt er for mykje SKAL IKKJE klippast bort,....i tilfelle kulemage ein gong i framtida!!

Flaket skal setjast på, fram til eit hakk som er klipt inn i framstykket nederst. Sjå skråen på flaket som er sett på med nål, hjørnet nede skal passe i hakket, øverst toppen av skråen: her er breidda for saumrommet.Samtidig skal lommeklaffane syast. Frå før er dei tråkla inn kanten på,..berre jukselommer! Pass på at spissen på lommeklaffen blir midt under sidesaumen. Sy fast.


Flaket til foret skal syast på på same måten. Foret må syast i sida først, tilpass vidda på jakka. Eg festa foret med nåler og laga brett der det enda i sidesaumane, slik fann eg ut nøyaktig vidde,



Etter at forflaket er sydd på, skal belegget vrangsyast frå innerhjørnet på jakkeslaget og heilt ned til siste ende av flaket. Klipp inn kanten til ca 0,5 cm, vreng, damp og sy prikkesting for hand heile vegen.

lørdag 14. februar 2009

Lomme

Lommeklaffane skal tråklast inn kanten og dampast. Dei skal så syast fast for hand på "flaket", med spissen rett under sidesaumen. Jakka må difor vere tilpassa både med vidde og sidde ned til livet før dette kan syast på plass.

Lommene er kun til pynt, har ikkje plass til noko!!