Har no meldt meg på kurs i søm av herrebunad, Nordfjordbunad. Eldste guten min på 28 sa plutselig i fjor "Mamma eg òg vil ha bunad", då kvapp eg litt, men eg tenkte også "JIPPI, så flott og så flott han skal bli i bunad". Og så var det alt arbeidet då, mange deler og mykje som skal sitje som støypt, men det er kjekt med utfordringar.
"Jakka til mannsbunaden er kort framme og lang bak. Den har høg oppståande krage bak og små nedbretta slag. Jakka har to knapperader framme men skal ikkje knappast. Den har også et par knappar i midja bak. Buksa er i same stoff som jakka. Det blir brukt både lang og kort bukse. Vesten er i grønt ullstoff, kan ha høg krage eller små nedbretta slag og er dobbeltknappa. " (tekst henta frå http://www.arv.no/)
Og julegåver og bursdagsgåver hittil:
Sølvknappar!
Herrebunaden har heile 44 sølvknappar, store og små.
Bukse: 5 på kvar fot under kneet, 2 bak og 2 v/lommer og 2 midt framme (??)
Skal justere her om her er feil
Jakke: ??
Sokkebanda skal vere Dregne band, ca 120 cm lange.
Sist jul fekk son min 3 nøster med Sisu strikkegarn,- til bunadsstrømper som eg er begynt å strikke på.
http://www.arv.no/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar