Desse bilda er av ei ferdigsydd skjorte som eg fekk ta bilde av på kurset.
fredag 15. oktober 2021
onsdag 13. oktober 2021
Herreskjorte
Lagar meg ein logg for saum av herreskjorte medan eg går på kurs.
Linstoff: ca 1,6 m 18 tråder pr cm
DMC tråd :
Nr 8 til Doble attersting til taggekant
Nr 12 til Krunekret
Nr 80 til holsaum
1. dag:
Halskant og armlinningar:
Klipp eit stykke på 15 cm tvers over stoffet. Mål ut 6 cm frå eine langsida og dra ut 2 trådar på lengda.
Sy doble attersting rundt 5 trådar der du har trekt ut 2 trådar. Dette blir brettekanten på halslinningen og på armlinningane.
Sy krunekret med DMC nr 12.
Halslinning: Mål rundt halsen er 40 cm
Berekning: 40 cm+6 cm + 4,5 cm10 % krymp= ca 50 cm
Må kor mange krunekret det er pr td. 10 cm og rekn ut kor mange du må sy så det passar til lengda på linningen. Eg treng truleg 33 "toppar".
Dag 2:
Det er teke mål frå nakke, rundt bøygd armboge og fram til kul ved handledd. Mål er 71 cm til ca Medium str.
Kursholder har klipt stoffet til armar slik:
Bredde
Lengde
Splitt inn frå eine sida, frå kanten er det: Lengd på splitten er:
Armsplitt.
For å lage armsplitt med taggekant:
Tell inn 14 trådar, dra ut tråd nr 13 og 14.
Tell 6 trådar
Trekk ut dei to neste trådane.
Gjer dette på begge sidene.
Sy doble attersting med DMC nr 8i dei to uttrekte trådane nærast klippekanten, sy over 5 trådar. Gjer dette på begge sider.
Brett inn hjørne øverst og ca tre tråder til saumrom og sy holsaum med DMC nr 80 frå vranga. rundt 5 trådar to ganger og inn i kanten.
Abonner på:
Innlegg (Atom)