- Sjekk at foret er passelig til ulljakka, ikkje stramt, men heller ikkje for vidt! Legg jakka med forsida opp, fest foret med nåler og glatt ut, då ser ein om det er passe. Sidesaumane på foret skal passe med sidesaumane på ullstoffet. Sy inn til det passar, press ut saumane. Ikkje klipp vekk noko!
- Snu jakka med ullstoffet opp. Sjekke at dei 2 delane i "prinsessefasongen" er like breide og ser jamne ut. Sjekke også at saumen i livet er like høg på begge sidene. Midtsaumen for ryggen skal stoppe omtrent ved saumen for livlinja,...ser at min saum går 1 cm nedom.
- Folden bak: Glatt ut stoffet på eine sida først, klipp eit hakk i saumrommet der ryggsaumen sluttar, dette for å kunne dele saumen og få eine sida til å ligge under den andre. Det er her overlappinga av splitten bak skal komme. Det vesle stoffet midt bak skal ligge underst. Brett inn kanten på det store "flaket" og plasser oppå, men det skal vere ein anelse skråing ut i høve til øverst kanten. Når eg måler på jakka er det 6 cm oppe og 9 cm nede som viser på stoffet nærast splitten. Fest stoffet med nåler under og sy i hop desse to stoffa slik at dei held fasongen. Ikkje klipp bort noko stoff! Kontrollmål at flaket er like bredt oppe som nede (mål der det er loddrette kantar). Gjer det same på motsett side og deretter foret.
søndag 26. april 2009
Ryggen på jakka
Nokre punkt å passe på når ryggen skal syast:
Abonner på:
Innlegg (Atom)